Kva skjer når kreative bedrifter går frå å stå kvar for seg – til å spele kvarandre gode?
Det skal vi finne ut av på Kreativ Kaffi på BYX den 15. april, kl. 17.00–19.30. Då skal vi få høyre suksesshistorier frå nord og få litt av oppskrifta på korleis vi kan skape gode nettverk her vest. Vi avsluttar med workshop der vi skal gi Sildring vidare retning.
Vi serverer kaffi/te og noko å bite i.
Det er gratis å delta på arrangementet, men du må melde deg på under for å sikre deg plass.
Påmeldingsfrist: 12. april.
Tid og stad: 15 april, 17:00-19:30, Byx Cowork Strandgata 52, Florø.
Arrangementet er støtta av Vestland Fylkeskommune og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
Geir P. Stokke har brei leiar- og utviklingserfaring frå kultur-, reiseliv- og kunnskapssektoren, og arbeidar i dag strategisk i Hermetikken Kulturnæringshage. Han har lang praksis med å bygge og leie samarbeidsstrukturar og bedriftsnettverk innan reiseliv og kreativ bransje. Geir er særleg opptatt av korleis tillit, struktur og felles mål skaper kraftfulle bedriftsnettverk som løfter både enkeltaktører og heile bransjar.
Geir har mellom anna vore styringsgruppeleiar for Arena Lønnsomme Vinteropplevelser, prosjektleiar for Lofoten Film Collective og Filmklynge Nord. Han vil vise til desse nettverka som caser, og fortelle litt om det kreative samiske nettverket Daiddadallu.
Geir er også mentor for styringsgruppa til Sildring.
Fyll ut skjemaet så held vi av plass til deg. Påmeldingsfrist: 12. april. Det er gratis å delta.