Vesle Sildring på Vesle Kinn
21. oktober 2026 — kl. 16:00–19:00Vesle Kinn

Vesle Sildring på Vesle Kinn

Vi er tilbake, og neste samling blir på Vesle Kinn onsdag den 21. oktober kl. 18-21. Denne gongen tester vi ut konseptet Vesle Sildring - ein kveld for kreativt påfyll.

På programmet denne kvelden har vi med oss:

Tora Hope redaktør for Tidsskriftet Jaja og fagutviklar ved Jakob Sande - senter for forteljekunst.

Rolf Magne Golten, manusforfattar for kjente produksjoner som FØRSTEGANGSTEJESTEN og HODEJEGERNE, og barnebokforfattar bak dei suksessrike seriane KOKOSBANANAS, BILLIS OG BOLLOS og NATTNINJA.

Dei har begge skapt noko heilt unikt i Dale som også skapar moglegheiter for andre. Dette og mykje meir skal dei fortelje meir om.

Tora har også med seg Jaja si siste papirutgåve Kropp og forteljing som dei så forfriskande skildrar slik:

“Det er frå vår pustande, luktande, dunkande, døyande kropp vi skriv, fortel, lyttar og lever. Med kunstig intelligens kan ein rive tekstar laus frå kroppar, men uansett byrjar forteljinga om livet med kropp og slik sluttar ho òg, IRL.”

Vi håper du loggar deg av denne kvelden, kjem deg ut døra og inn på Vesle Kinn for å tilbringe kvelden med oss.

Som sist avsluttar vi med mingling, og vi har samtalekort til å bryte isen.

Vi møtast IRL.

Praktisk info:

Vesle Kinn, 21. oktober kl. 18-21.

Arrangementet er for deg som:

Arrangementet er gratis og opent for alle som ønsker å delta.

Om Sildring:

Sildring er eit nettverk for kreative folk med utspring i Kinn.

Gjennom ulike møteplasser skal vi bli kjent, lære frå kvarandre og bygge nettverk på tvers av bransjar og geografiske avstander for å styrke det kreative miljøet i indre og ytre Sogn og Fjordane.

Vesle Sildring er det fjerde av seks arrangement som vi skal arrangere innan mars 2027.

Initiativet er støtta av Vestland Fylkeskommune, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Kulturrådet, og vert utvikla i samarbeid med Hermetikken Kulturnæringshage og Aksello.

Vesle Sildring er det fjerde av seks arrangement som vi skal arrangere innan mars 2027.

Vil du vere med oss å arrangere dei to neste?

Ta kontakt med oss på hei@sildring.com, så høyrer du frå oss.

← Alle arrangement
Tora Hope

Tora Hope

Redaktør for Tidsskriftet Jaja og fagutviklar ved Jakob Sande.

Kvifor vi som bur i distrikta må fortelje våre eigne historier

Tora Hope starta tidsskriftet Jaja saman med Jakob Sandesenteret i 2023, for å få fram nye og meir mangfaldige forteljingar og røyster frå bygd og by - og særleg bygda, sidan Jaja blir laga i Fjaler. Onsdag 21. oktober kjem ho til Vesle Kinn for å snakke om:

  • Å lage kulturtidskrift frå ein liten plass og kvifor det er viktig å skrive frå bygda, og ikkje berre om.
  • Jaja sitt standpunkt til KI
  • Samarbeidsmoglegheiter, Sandesenterets residens og akademitilbod
Rolf Magne Golten Andersen

Rolf Magne Golten Andersen

Manusforfattar

Endå meir gøy på landet?
Korleis det å flytte ut av byen forandra alt


Rolf Magne Golten Andersen sa opp fast jobb i NRK i Oslo og flytta til Dale for å drive for seg sjølv. På Vesle Sildring vil han fortelje om korleis dette vågespranget frå storbyen til ei lita bygd i Sunnfjord førte til:

  • Kokosbananas
  • Kaffikontoret
  • Nye arbeidsplasser i Daleog til at Rolf debuterte som rapper foran 4000 folk på Miniøya.

Vi ynskjer kontakt med deg! Vil du fortelle litt om deg sjølv? Send oss ein mail!

hei@sildring.com