Sildring blir til det vi skapar saman — eit rom for alle som vil skape, utforske og bidra til eit levande kulturliv i regionen.Siri Linn — Prosjektleiar, Sildring
Sildring er eit nettverk for kreative folk med utspring i Kinn. Kva retning det heile tar kan du vere med å avgjere. Vi er i den spede start, og dette er eit eksperiment som du er velkomen til å bli med på.
Kva som skjer når vi møtast, og når vi samlar ulike kreative krefter i same rom på tvers av ulike bransjar og geografiske avstander.
Gjennom ulike møteplasser i 2026 skal vi bli kjent, lære om og bygge nettverk som vil styrke både oss og det kreative miljøet i indre og ytre Sogn og Fjordane. Vi vil vere eit samlingspunkt for alle som jobbar med eller er nysgjerrige på kreativ næring i regionen — og har som mål å bidra til at fleire skal kunne leve av sitt kreative virke i distrikta.
Gjennom arrangement, nettverk og fellesskap legg vi til rette for fagleg utvikling, synleggjering av lokale talent og nye samarbeid.
Initiativet er støtta av Vestland Fylkeskommune og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og vert utvikla i samarbeid med Hermetikken Kulturnæringshage og Aksello.
I tillegg er vi fleire kreative aktørar som bidrar med det vi kan for at Sildring skal bli ein felles ressurs og arena for bransjeutvikling, kunnskapsdeling og samskaping.
Eg har vurdert å flytte til Bergen, men slike initiativ som dette gjer det enklare å bli.Deltakar, kreativ kick-off Vesle Kinn
Vesle Kinn var første gongen eg kjende meg heime i eit kreativt fellesskap i heimbyen min.Filmskapar, Florø
Dette er akkurat ein slik møteplass eg har sakna. Ein arena der vi kan vise kva vi driv med, bygge nettverk og utveksle erfaringar.Deltakar, kreativ kick-off Vesle Kinn
Sildring er eit supert initiativ som eg har skikkeleg trua på.Kunstnar, Florø

Siri Linn Brandsøy
Prosjekleiar

Trude Svardal
Medlem

Carl Fredrik Kvisler Furset
Medlem

Charlotte Lindén-Nybø
Medlem