Vesle Kinn — mars 2025
«We're flowing over with creative possibilities»
Det er no litt over eit døgn sidan vi strøymde inn dørene på Vesle Kinn. Frå eit atelier eller eit kontor berre nokre steinkast unna i Strandgata. Ei kom med båten frå Bergen på veg heim til Måløy. Kreative naboar kom køyrande frå lenger inne i fjorden og landet – Førde og Sogndal.
At vi skulle bli så mange, rundt 70 stykker, hadde vi aldri drøymt om. Vi vart positivt overraska. Positivt overraska over den varme gjenklangen i rommet, på ein grå regnværsdag etter jobb.
Frå høgtalarane dryppa eit lydbilde av lokal lydkunstnar Kjetil Høidal, til opning og festtale. Ei kort runde i rommet der alle fekk dele nokre få ord, og legge igjen ein liten del av det som beskriv oss:
«Filmskaparar, grafiske designerar, musikarar, komponistar, kunstnarar, kulturformidlarar, tekst, teikning, maling, formar, digitale skaparar, innholdsproduksjon, arkitektar, fotografar, hobbyfotografar, smykkedesignerar, skapkreative, forfattarar, naturfilmskapar, kreativ jordmor, saksofonist, litteraturleik i sjø og for born og vaksne og gamle, strikking, illustrasjon, animasjon og dans»
Så mange forskjellige kreative menneske med sine heilt eigne måtar å uttrykke seg på, med ulike perspektiv og tankar, og tolkningar av Sildring.
Av det vi høyrte var det nesten berre utelukkande positive tilbakemeldingar. Det opne rommet, den lause formen, kor forfriskande det var å møtast på nettopp denne måten. Å kunne sjå seg rundt i rommet og få ein bekreftelse på at vi er faktisk fleire som har sakna eit slikt fellesskap.
Her var menneske vi har gått forbi på gata utan å vite at dei driv med noko liknande, at dei står i dei same kreative prosessane og utfordringane som oss. No sat vi der ansikt til ansikt, og lytta og delte idéar, historier, erfaringar. Vi var deltakarar, ikkje tilskuarar der berre eit par utvalgte fekk pitche seg og sitt prosjekt. (Vi kjem dit at dei som vil skal få moglegheit til å presentere seg, men vi ville varme opp rommet først).
Som kreative menneske er vi kanskje ekstra søkande, og vi treng eit kontaktpunkt, sjølv om det ikkje alltid verkar slik når vi er i den kreative bobla: aleine med ei skisse, ein tekst, ei teikning, ein logo, ein film, eit måleri, ei utstilling, ein koreografi eller ein eller anna form for kreativt uttrykk.
Vi søker inspirasjon – dei magiske øyeblikka som tenner ein gnist i oss. Vi er svoltne på ny kunnskap, nye uttrykk, og nyfikne på så mange ting:
«Fiken, økonomi, prising, marknadsføring, trender, prosjekt- og tidsstyring, kreativ sjølvtillitsboost, pitching, søknadsskriving, historiefortelling, filmproduksjon, samlokalisering, felles verkstad og atelier»
Onsdag kveld var vi i kreativ flyt. Samtalane sildra, vi bytta plassar, og sildra vidare. Vi gjekk kanskje heim med fleire spørsmål enn svar? Ein følelse av at var det der verkeleg Florø? Sildring, kva er det eigentleg? Kanskje kjente du og på ei spenning, ein iver og eit snev av utålmodighet om kva det her skal munne ut i?
Vi har ikkje alle svara enno, men vi er i rørsle, i Sildring. Som mykje anna som skal skapast, så er også nettverk ein tålmodig prosess. Den treng at vi stiller opp, og at vi gir av oss sjølv. Vi håpar at de etter i går kjenner på at dette er noko som gir dykk energi i retur.
Kanskje er det noko her som gjer at du kjenner på at dette vil du vere med å forme vidare? Ved å gi innspel, dele fiasko eller suksesshistorier (best practice) og ressursar.
Blant alt vi høyrte og overhøyrde, så seier det her mykje om kva eit fellesskap for kreative kan bety: «Eg har vurdert å flytte til Bergen, men slike initiativ som dette gjer det enklare å bli».
Vi fossar litt over av kreative moglegheiter no, så neste samling blir veldig spennande.
Den skal skape retning for kva som skjer vidare i Sildring.